Ja/Nei-system

Dette er ei lita sida som eg slengde saman med formålet å gje ei kort oversyn over dei ulike system nytta til å uttrykkje motsvar til orda ja og nei.

Toformspråk

Eit toformspråk har to ord for ja og nei. Eit for eit positivt svar, og eit for eit negativt. Desse inkluderar engelsk, spansk, italiensk, portugisisk, ungarsk og gresk.

Treformspråk

Treformspråk har tre ord, to for ja, og eit for nei. Dei to orda for ja vert skilde åt avhengig av om dei svarar på eit positivt eller negativt spørsmål. Treformspråk inkluderar tysk, skandinavisk, islendsk og fransk.

Firformspråk

Firformspråk har to ord for ja, og to for nei. Dei vert skilde åt avhengig av om både spørsmålet og svaret er positivt eller negativt. Døme inkluderar tidleg nyengelsk og rumensk.

Samsvarspråk

I eit samsvarspråk er det viktuge skiljet ikkje om svaret er positivt eller negativt, men snarare samsvar med det stillte spørsmålet. Litt grovt kan ein seie at i desse språk kan ja verte bytt ut med "Det stemmer" og nei med "Det stemmer ikkje". Samsvarspråk inkluderar japanska, russisk og tok pisin.

Ekkospråk

Eit ekkospråk er eit språk som ikkje nyttar særeigne ord for ja og nei, utan heller tar opp hovudverbet til spørsmålet att. Visse ekkospråk har ord for ja og nei òg, med deira bruk er vanlegvis ganske avgrensa jamført med ikkje-ekkospråk. Ekkospråk inkluderar mandarin, finsk, latin og walisisk.
© september 2009 by Aszev
@norsk februar 2010